Skeitreffen 2011

2011 09 12 1144171 e1315821189268 Skeitreffen 2011Stjerneartistar til Skeitreffen 4. – 6. november
Det er eit internasjonalt stjernelag som blir presentert under Skei-Treffen 4.-6. november. Det gjeld bl.a. franske Jerome Richard som har gått til topps i VM seks gongar (!) og den verdskjende italienske folkemusikaren Filippo Gambetta som spelar 3-radig durspel.
Hotelldirektør Jon Skrede har grunn til å vere godt tilfreds med dei artistane han kan stille med det årlege arrangementet på Skei Hotel. Det er eit internasjonalt lag frå øvste hylle med vår eigen store meister Frode Haltli som ankarmann. Han tok over denne rolla etter Henry Haagenrud. Her er det snakk om å legge lista høgt. Verdsmeisteren Jerome Richard kjem saman med pianisten Dany Dayn Bosseroy som har sin
bakgrunn frå bl.a. Las Vegas og cruisebåter.
Frå Sverige kjem Alf Hågedal som er vel etablert i den skandinaviske dragspelseliten med eit repertoar som går frå klassisk og ragtime til Jularbo og Ragnar Sundquist.
Han har gjort ei rekke plateinnspelingar og er blitt kåra til ”Årets dragspelare” i Sverige. Han har særleg markert seg ved å ta opp det klassiske trekkspelrepertoaret.
Filippo Gambetta har med seg sin eigen gitarist, Caludio de Angeli medan Frode Haltli også skal spele saman med den irske songarinna og fløytisten Nuala Kennedy. Frå norsk side får ein også møte hardingfelemeisteren Vegar Vårdalsom har han framtredande posisjon i det norske folkemusikkmiljøet. Tradisjonen tru blir Bjørn Breilid og Bjørn Fredriksberg med på gitar og bass.
Og jazzig dansemusikk er ein sikra med Lars Håviks kvartett. Ei gruppe som alltid er på plass.
Opplegget for Skei-Treffen omfattar både konsertar og dans, og ikkje minst er der eit triveleg miljø der musikkpraten går livleg rundt i hotellet. Fleire av musikarane har tidlegare spelt saman.
Frode Haltli og Vegar Vårdal møtte Nuala Kennedy i fjor under ein konsert i Irland. Dei traff tonen og samarbeidet har gått vidare, bl.a. til Nordsjøfestivalen og til Celtic Connections i Glasgow i januar 2012.
Nuala Kennedy er prisvinnande og allsidig fløytist og songar. Ho har eit spesielt forhold til musikken
frå heimtraktene i Ulster i Irland.
Ho er no busett i Skottland. Når det gjeld Vegar Vårdal blir han også karakterisert som litt av ein humørspreiar i tillegg til meisterspelet. Frode Haltli er denne hausten også kunstnerisk leiar for Ultimafestivalen i Oslo.

Artikkel er gjengitt etter avtale med Nordilavisa

Legg igjen en kommentar

Powered by Facebook Comments

No related posts.

Om Redaksjonen