DDCountry.no


Vassendgutane WEB 2013  (4)

Festcountry med Vassendgutane i Bergen

På forsiden akkurat nå

Denne kvelden, den 26. april, hadde eg gleda meg til lenge – Vassendgutane i Bergen. Med utgangspunkt i den nyleg utgjevne CD’n «Hesteslepp» var forventningane mine skyhøge, men at dei skulle verta innfridd og vel så det – ja det hadde eg ikkje drøymt om. Det var herlig å sleppa stå som sild i tønne på Rick’s denne kvelden, slik det ofte har vore når Vassendgutane har stått på scena. «Berre» vel 300 hadde løyst billett , og forklaringa på det var enkel: Rundt 1000 stilte på konserten på Espelandbana i Arna kvelden etter! Sjølv om Vassendgutane har spelt uttallige ganger på Rick`s så såg det ut som om det var ein litt s

pent gjeng som kom på scena denne kvelden. Er nok litt spesielt på konsertar så nyleg etter plateslepp, for sjølv om 17.000 hadde kjøpt cd`n i løpet av dei 3 første dagane, så er det publikum sin respons når låtane vert spela live, som verkeleg gjev bandet indikasjon på om dette er bra eller ikkje. Karane hadde imidlertid ingenting å frykta, publikum song med for full hals, og ikkje uventa var tekstane frå den nye cd’n alt lagt inn på harddisken hos dei fleste. Rundt to og ein halv time fekk me høyra kjente og kjære låtar, og ikkje minst alle dei nye. Eg trur knapt eg har sett gjengen meir opplagt, samspelte og ikkje minst – skjerpa. Dette var slik ein flott oppleving at eg tok meg sjølv i å stå med klump i halsen av rein glede. Her var alvor, her var humor og latter. Å vera vitne til den fantastiske responsen på alt det nye, og der «Ho va so fine» – som er ein nydeleg roleg låt – ikkje uventa, vart motteke med opne armar. Her var det allsang heile vegen og ein spontan jubel etterpå. Eg har stor tru på at denne låta vert ein ny «Siste Dansen»! Her var tekstar som rører ved ein enten dei song om sauene dei var så glad i og som alle hadde namn, om kor me «stappar» mat i ungane våre og ikkje våknar før det kan vera for seint, om kor viktig det er å ta vare på kompissane sine eller bønder i byn eller bygdis i byn, som dei seier. Er det noko som kjem fram i media om ungdomen så er det når dei har gjort noko galt, men eg må berre få lov å sei at det er utruleg mykje flott ungdom som går på arrangement – me har all grunn til å vera stolte av dei. Dei pyntar seg til fest, kosar seg og dansar og går lett i lag med den litt eldre garde – for publikum denne kvelden var frå 20 til over 60, og dei hadde ein ting felles: Dei kosa seg! Vassengutane hadde – for meg – 3 nye bandmedlemmar denne kvelden. Alf Rune Melby på steelgitar – ein verdig arvtakar etter dyktige Lars Egil Vågseter. Ein resar på banjo var Melby og – utruleg bra. Kim Erik Lillestøl er ny bak trommene. Ungguten klarte seg kanonbra og eg trur han kora av hjartans lyst på mest kvar einaste låt. Eg har fulgt Vassengutane gjennom 3 forskjellige trommissar, og eg kan berre sei – karane veit å plukka ut dei rette! Frank Willy Utgård på sologitar har vore med ei stund no og han er absolutt ein frisk pust i Vassendgutane, aktiv som han er på scena. Me visste aldri heilt kvar han var, men djupt konsentrert og leverte gjorde han heile tida – herlig. Det virkar som om Vassendgutane er godt samspelte og har ein veldig god kjemi seg imellom, noko som gjev oss som publikum uendeleg mykje. Dette er slik eg hugsa bandet for mange år tilbake, det er tydeleg at ny cd har gjeve dei ein ny giv, og dei var meir seriøse enn eg nokon gong har sett dei, utan at dei av den grunn hadde mista «Harry» stempelet sitt – og det må dei ikkje gjera heller, for det er jo det dei vert elska for. Eg vil og nevna dei to unggutane som styrte spakane med lys og lyd og som gjorde til at kvelden vart så bra som den vart. Vassendgutane let berre heilt fantastisk live – noko dei er kjent for . Då konserten var slutt tok ein del av gjengen seg god tid til å håndhelsa på og snakke med publikum, noko som var veldig populært. Mange av dei som var der fylgjer bandet frå arrangement til arrangement. Dette vart ein kveld eg vil hugsa lenge, og no gleder eg meg enno meir til Sande Dansefestival , der eg skal få høyra denne gjengen igjen den 14.juni ! Kvelden i Bergen var nok eit flott arrangement på Rick’s som er ein erfaren arrangør – her står sikkerheit og venlegheit i høgsete – kjempebra ! (Tekst og foto: Anne-Karin Eikeland )

 

Vassendgutane april 13 AKE  001
Vassendgutane april 13 AKE  002
Vassendgutane april 13 AKE  003
Vassendgutane april 13 AKE  004
Vassendgutane april 13 AKE  005
Vassendgutane april 13 AKE  006
Vassendgutane april 13 AKE  007
Vassendgutane april 13 AKE  008
Vassendgutane april 13 AKE  009
Vassendgutane april 13 AKE  011
Vassendgutane april 13 AKE  012
Vassendgutane april 13 AKE  013
Vassendgutane april 13 AKE  015
Vassendgutane april 13 AKE  016
Vassendgutane april 13 AKE  017
Vassendgutane april 13 AKE  018
Vassendgutane april 13 AKE  019
Vassendgutane april 13 AKE  021
Vassendgutane april 13 AKE  022
Vassendgutane april 13 AKE  023
Vassendgutane april 13 AKE  024

 

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også