DDCountry.no


131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (11)

Stor stemning under Sunnfjord Countryrock

På forsiden akkurat nå

Siste helga i oktober var det tradisjonen tru klart for Sunnfjord Countryrock, eit samarbeid mellom Fjordane Musikkforum og Rica Sunnfjord Hotel & Spa. Dette er eit svært populært arrangement og her er det lite lurt å koma i siste liten og tru at du skal få plass på hotellet!
Fredag ettermiddag var eg blant dei heldige som fekk vera med i NRK Sogn & Fjordane sitt studio i Førde i samband med at Steinar Engelbrektson med band skulle ha ein liten intimkonsert og framføra nokre låtar frå den nye plata. Det var første gong NRK hadde med publikum under livesending i det vesle studioet, men med to så dyktige programleiarar så gjekk det strålande.
Fredagskvelden var det Kruttrøyk som eigentleg skulle setja stemninga i den koseleg og intime Barthold Bar frå halv ti. Grunna sjukdom så hadde desse diverre meldt avbud, men Gran Prix steppa sporty inn og dei gjorde ein god jobb dei. Det heile toppa seg då Rune Rudberg Band kom på scena i Sunnfjordsalen der dei spela fram til halv to. Country- og dansebandmusikk strøymde ut i salen og bandet skal ha skryt for god lyd. Ein gjeng herlige ungdomar stod framfor scena og song av full hals mest heile tida, berre avbrutt med litt dans innimellom og ønskelåtar fekk dei òg. Her var det ikkje tvil om at folk kosa seg, både dei om lytta og dei som var flittige på dansegolvet. I Barthold Bar var det ungdommane i countryrockgruppa Bøgdabråk frå Sør-Trøndelag som spelte siste halvanna timen fram mot 02.
På laurdagen nytta nok mange tida til å besøkja hotellet si flotte spa-avdeling og utendørs jucuzzien var flittig brukt. Om ettermiddagen kunne dei som ville det, oppleva Steinar Engelbrektson med deler av bandet på Skywalken i Førde. Her vart den nye plata som skulle vore i salg denne helga presentert og dei fekk mange gode tilbakemeldingar. Det var nok ein nedtur både for dei og for oss at plata var blitt forsinka, men stemninga var bra og det vart ei fin promotering for siste countryrockkvelden.
Nesten 1000 fest- og danseglade var på plass på hotellet siste kvelden og mange av desse gjorde som meg og sette seg til bords i den flotte Restaurant Laxen og inntok nydeleg mat. Musikken starta ved Steinar Engelbrektson med band som var på plass i Barthold Bar frå kl. 21:30 og spela heile kvelden til klokka to. Korkje bandet eller publikum såg ut til å ha noko imot det, her var det kjempestemning og mildt sagt fullt på det forholdsvis vesle golvet frå første tone. I Sunnfjordsalen litt seinare på kvelden stod smilande Hege Øversveen med band på scena. Gunslingers gjekk på scena etter Hege og ikkje uventa hadde dei ein stor tilhengjarskare med seg. Her var topp stemning og ikkje uventa ljoma allsangen både titt og ofte. At dansen står sterkt i Førde er det ingen tvil om, eg må sei eg vart både fasinert og imponert av dei mange ungdomane som utfolda seg på dansegolvet denne kvelden!
Etter ei god natts søvn og ein skikkeleg «cowboyfrukost» var det berre å belaga seg på dei mange timane heimatt, men det var vel verdt turen for eg hadde bak meg nok ein innhaldsrik countryrockweekend i Førde i Sunnfjord.

Les anmeldelsen med terningkast i novemberutgaven av De Danseglade
(Tekst og foto: Anne-Karin Eikeland)

131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (1)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (2)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (3)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (4)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (5)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (6)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (7)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (8)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (9)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (10)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (11)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (12)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (13)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (14)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (15)
131026_sunnfjord_countryrock_foto_anne-karine_eikeland (16)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også