DDCountry.no


Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (31)

Countryfestivalen Seljord siste dagen

På forsiden akkurat nå

Laurdagen var det klart for det tradisjonsrike Right On Treffet – og blant alle utstillarane var det Åge Gustavsen som vart den heldige vinnar av ein USA tur til ein verdi av 10.000 kroner.
For meg vart denne kvelden kanonbra : Først vant Always Hangs Left ”Sjøormen Country” og gjett om desse karane klarte ”fylla” hovedscena med sin ungdomelege sjarm og herlige repetoar. Så var det berre å nyta gjenhøyr med Ni Liv som ikkje uventa fylte opp dansegolvet på Cafêscena – før Sie Gubba skapte stor stemning på hovedscena med velkjente låtar. Her snakkar me turbo, det er ikkje mykje denne gjengen står i ro på scena – og for ei speleglede!

Så kom noko eg verkeleg hadde sett fram til, Terje Sending med band. Vakre låtar med til tider gripande tekster – framført på ein genuin ærleg måte, strøymde ned frå cafèscena og med mange av Terje Sending sine trufast fans rundt meg overgjekk dette alle mine forventningar. Det var mest så eg hadde lyst å avslutta festivalen der og då, men eg måtte sjølvsagt ned og ha med meg Dwight Yoakam – festivalens store trekkplaster – før eg tok natta.

Totalt 25 band opptrådde på årets festival som hadde eit besøkstal på rundt 27.000. 2500 campingenheter var det inne på området og eg må få lov til å berømma vakter og ryddemannskap, flinke og hyggelige folk som gjorde ein kjempejobb. Det var så kjekt å sjå korleis godt vaksne – og dei var det overraskande mange av – kunne kosa seg saman med dei unge. Eg hadde heilt gløymt kor kjekt det var på denne festivalen, så plass til neste år – ja den er alt bestilt.

Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (1)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (2)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (3)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (4)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (5)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (6)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (7)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (8)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (9)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (10)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (11)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (12)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (13)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (14)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (15)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (16)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (17)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (18)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (19)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (20)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (21)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (22)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (23)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (24)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (25)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (26)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (27)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (28)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (29)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (30)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (31)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (32)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (33)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (34)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (35)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (36)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (37)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (38)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (39)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (40)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (41)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (42)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (43)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (44)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (45)
Countryfestivalen 2014 dag 3 AKE (46)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også