DDCountry.no


Hinnøy 2014 AKE (10)

Hinnøyfestivalen 2014

På forsiden akkurat nå

Hinnøyfestivalen med vekt på countrymusikk vert arrangert i uke 23, og i år falt dette på sjølvaste pinsehelga og varte difor over tre kveldar. Festivalsjef Arnfinn Johansen drog i gang denne festivalen i fjor, og våga satsa stort også i år med mange gode artistar.

Fredagen fekk me høyra Kjell Kallestad, Trinity, Siri Vølstad Jensen, Girls Gone Country (fjorårets publikumsfavoritter) og The European Highwaymen. Sistnevnte – som og hadde Paal Arnesen med som gjesteartist – avslutta kvelden på ein flott måte og det vart fullt på golvet med ein gong. Kva er vel herligare enn å svinga seg til drivande countrymusikk. G.Thomas og Arly Karlsen skal få ei ekstra stjerne i margen hos meg denne kvelden. Arly var ikkje verre på det enn at han sette seg på scenekanten då det var slutt og gav nokre av oss eit par bonuslåtar – herlig.
Laurdagen vart det som i fjor gratis adgang til teltet på dagtid der artistane/banda vart presentert. Leknes Line Dans hadde både oppvisning og gratiskurs. Nye artistar denne kvelden var Rune Meyer Band, Anne Berit Band (som eg hadde gleda av å høyra også i fjor) og Odd Jarle Hansen. The Pussycats avslutta det heile og det var tydeleg at mange hadde venta på at desse skulle koma på scena, og det vart allsang når gamle slagere vart framførte.

Søndagen starta med ein fantastisk kyrkjekonsert i Harstad kirke. (sjå tidlegare omtale)
Ny artist denne kvelden var Becca. Ei smilande og blid jente med mykje bra musikk. Ho heiv seg likagodt ut på dansegolvet i ein forrykande sving saman med Jan Johansen (vokalist i nordnorske Arctic Band) etter at ho var ferdig med sin opptreden. Lurer på om det ikkje var ho som bydde opp – jenter med tak i likar me! Synes og det er flott med artistar/band som viser intressse for andre sin musikk etter eigen opptreden. Denne kvelden opptrådde Jan Johansen og festivalsjefen og.

Eg må få lov å gje honnør til festivalbandet som var samansett av erfarne musikarar : David Schøne, Petter Pettersen, Kjell Audun Holestøl og Christoffer Nicolai Schønning, under trygg leiing av kapellmester Frode Sand. Bandet gjorde ein fantastisk jobb, har ikkje tall på alle låtane dei hadde øvd inn – imponerande.
Eg synes det er kjekt at det vert gjeve plass til lokale band, men når eit reint rockeband vert engasjerte til ein slik festival, så er det viktig at lydmannen deira er klar over at han ikkje er på ein rockekonsert, elles bør musikken leggjast til siste settet. Ein anna ting er at hadde eg visst at dei hadde i beredskap mogelegheit for oppvarming av teltet, så trur eg at eg som frostig vestlending hadde bedt fint om at dei slo på varmen. Når det er sagt så må eg sei at denne festivalen absolutt har noko å byggja vidare på, eg fekk mange flotte musikalske opplevingar og dansegolvet var heilt supert. Rundt 900 billettar/helgepass vart solgt.

Hinnøy 2014 AKE (1)
Hinnøy 2014 AKE (2)
Hinnøy 2014 AKE (3)
Hinnøy 2014 AKE (4)
Hinnøy 2014 AKE (5)
Hinnøy 2014 AKE (6)
Hinnøy 2014 AKE (7)
Hinnøy 2014 AKE (8)
Hinnøy 2014 AKE (9)
Hinnøy 2014 AKE (10)
Hinnøy 2014 AKE (11)
Hinnøy 2014 AKE (12)
Hinnøy 2014 AKE (13)
Hinnøy 2014 AKE (14)
Hinnøy 2014 AKE (15)
Hinnøy 2014 AKE (16)
Hinnøy 2014 AKE (17)
Hinnøy 2014 AKE (18)
Hinnøy 2014 AKE (19)
Hinnøy 2014 AKE (20)
Hinnøy 2014 AKE (21)
Hinnøy 2014 AKE (22)
Hinnøy 2014 AKE (23)
Hinnøy 2014 AKE (24)
Hinnøy 2014 AKE (25)
Hinnøy 2014 AKE (26)
Hinnøy 2014 AKE (27)
Hinnøy 2014 AKE (28)
Hinnøy 2014 AKE (29)
Hinnøy 2014 AKE (30)
Hinnøy 2014 AKE (31)
Hinnøy 2014 AKE (32)
Hinnøy 2014 AKE (33)
Hinnøy 2014 AKE (34)
Hinnøy 2014 AKE (35)
Hinnøy 2014 AKE (36)
Hinnøy 2014 AKE (37)
Hinnøy 2014 AKE (38)
Hinnøy 2014 AKE (39)
Hinnøy 2014 AKE (40)
Hinnøy 2014 AKE (41)
Hinnøy 2014 AKE (42)
Hinnøy 2014 AKE (43)
Hinnøy 2014 AKE (44)
Hinnøy 2014 AKE (45)
Hinnøy 2014 AKE (46)
Hinnøy 2014 AKE (47)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også