DDCountry.no


Hinnøy kirke AKE (16)

Kyrkjekonserten på Hinnøyfestivalen

På forsiden akkurat nå

Pinsehelga var eg på plass att i Harstad på Hinnøyfestivalen, og kyrkjekonserten hadde eg verkeleg sett fram til.
Først ut var Girls Gone Country som eg tapte mitt hjarta til alt i fjor. Tre musikalske og herlige jenter som det alltid lyser musikkglede av. Dei opna konserten med ”Deep River Woman” og det var så vakkert og mektig at tårene kom hos meg, noko eg var heilt uforberedt på. Eg elskar kyrkjekonsertar og vert ofte rørt, men at eg må tørka tårer høyrer med til sjeldenheitene.

Det stoppa ikkje der, fleire som gleda oss med vakker sang var OJ Hanssen, Jan Johansen frå Arctic Band og vestlandet var representert ved Kjell Kallestad som nyleg hadde vore i Nashville i samband med soloprosjektet sitt. Dei fleste kjenner han nok som vokalist i AristoCats. Festivalsjef Arnfinn Johansen som er ein habil vokalist, var og blitt ”trua” til ein opptreden av karane i festivalbandet. Flotte Anne Berit Andersen som eg og hadde gleda av å høyra under festivalen i fjor, gav oss vakker musikk. Ein stor honnør skal festivalbandet og resten av musikarane som var med å gjera konserten til ein herlig opplevelse, ha.

Alle vokalistane sang saman på slutten, og festivalsjefen delte ut blomsterbuketter. Det var første gong det var kyrkjekonsert under festivalen og i år var det Diabetikerforbundet i byen som var valgt som samarbeidspartnar. Inntekta dei fekk ville verta retta mot barn og ungdom. Det vart ein stemningsfull og vakker konsert som eg skulle ønskja fleir enn dei rundt 100 som hadde møtt fram, skulle fått opplevd.

Hinnøy kirke AKE (1)
Hinnøy kirke AKE (2)
Hinnøy kirke AKE (3)
Hinnøy kirke AKE (4)
Hinnøy kirke AKE (5)
Hinnøy kirke AKE (6)
Hinnøy kirke AKE (7)
Hinnøy kirke AKE (8)
Hinnøy kirke AKE (9)
Hinnøy kirke AKE (10)
Hinnøy kirke AKE (11)
Hinnøy kirke AKE (12)
Hinnøy kirke AKE (13)
Hinnøy kirke AKE (14)
Hinnøy kirke AKE (15)
Hinnøy kirke AKE (16)
Hinnøy kirke AKE (17)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også