DDCountry.no


150723 Countryfestivalen AKE (46)

Countryfestivalen i Seljord gjekk som smurt

På forsiden akkurat nå

Etter nokre år med fråvær, så var eg i fjor tilbake til Countryfestivalen i Seljord og då eg reiste heim derifrå slo det meg at eg hadde gløymt kor kjekt det var med masse sosialt samvær og ikkje minst all den flotte musikken. I år var det syttande gongen festivalen vart arrangert!

Alt tirsdag ettermiddag starta innsjekkinga og i løpet av dei 2 første timane var 340 bilar på plass og det rende på og totalt 2000 personar sjekka inn denne kvelden på festivalen som har fått ord på seg å vera Nordes Største Countryfestival.

Det var DJ Red Planet som opna festivalen kl 19 onsdagen og deretter fulgte Wayne Low, Charlie Rockstead, Becca og Wayne Low avslutta det heile med sin herlige musikk. Eg hadde for det meste berre høyrt ballader av denne australske artisten tidlegare, men jammen fekk han og hans dyktige musikere det til å svinga.

Torsdagen kl 10 reiste eg saman med ein heil gjeng avgårde for å oppleva ein tur på Telemarkskanalen for første gang, og det vart ein flott opplevelse i eit nydeleg vêr. Vinden gjorde det imidlertid liitt kaldt, men me vart godt ivaretekne og fekk utdelt tepper. Geir Halleland (Capt. Kane)  underheldt og sette oss i godstemning.

Rævkrok

Denne dagen var inne på området Countrymesterskap i rævkrok. Nye band denne dagen var Haavard Skaatun, Die With Your Boots On, Crooks & Straights, Hege Øversveen og Steff Nevers.  Sistenevnte klarte få allsangen til å ljoma sjølv om det var tidleg på kveld og linedansarane kosa seg på golvet.

Fredagen var det duka for SjøormCountry, ein musikk konkurranse. Her fekk 4 band mulighet til å prøva overbevisa publikum om at nettopp dei var best. I tillegg til publikum sine stemmer, var det ein jury som hadde eit ord med i laget. Plakatar med navna på banda var klistra opp rundtom og slik var det enkelt å halda oversikten. Alle 4 var dyktige, men dei som drog av med seieren var siste bandet som spela, Jeremy Wayne w/TG og dei fekk spela først på hovedscena denne kvelden.  Mine favoritter Hilljacks låg imidlertid så tett opp til vinnaren at festivalen ikkje ville gje slepp på dei, så dei vert og å høyra på festivalen neste år.

Etter SjøormCountryen var det oppvisning av dyktige Honky Tonks Linedancers. Både fredag og laurdag var det mulighet for å gå på linedanskurs.

Nye band på Cafescena denne dagen var Capt. Kane, The Redlands Palomino Company, Ni Liv og amerikanske Modern Earl. Too Far Gone, Kurt Nilsen og Craig Morgan inntok hovedscena. Det var smikkfullt på området og tendensar til trengsel då Kurt Nilsen kom på scena. Har ein mistanke om at han var den som samla mest folk under festivalen, men han var slett ikkje å kimsa av han som kom etter heller : Craig Morgan. Utruleg sympatisk fyr som veldig lett fekk kontakt med publikum og med musikk som verkeleg fanga mi interesse. Han stod ikkje nett i ro på scena,  i motsetning til mange andre amerikanske artistar eg har opplevd, nei han var til og med bak til trommissen og hjelpte til under ein trommesolo – til publikums store glede. Ein flott avsluttning på hovedscena og det var det på cafescena og, der Capt. Kane avslutta.

Laurdagen starta med Right On-treff kl 11 og mange tilskodarar kom for å sjå på desse spesielle bilane, eit flott skue. Årets Lasebil vart og kåra på Mercedes-Benz trailer camp der mange flotte bilar var på plass. Capt. Kane underheldt og Hellbillies var og innom her, synd  at det no var byrja regna.

Nye band på cafescena denne dagen var Big Hand, Nilsen og Hem, Byting og Always Hangs Left som vant  SjøormCountryen 2014. Ei oppleving var det og å høyra  Doug Seegers, mannen som gjekk frå å vera boms til å verta ein svært populær countryartist på vel eit år. Så var tida komen for ein av mine store norske favoritter, Terje Sending, mannen med stemma som kan røra en stein som eg plar sei. I år som elles vart det ei minnerik opplevelse.

På hovedscena avsutta  Hellbillies og Gunslingers. No var det diverre byrja regna litt, men publikum heldt seg ikkje unna av den grunn. Gunslingers sette eit flott punktum for heile festivalen på hovedscena og det gjorde engelske The Redlands Palomino Company på cafescena og.

Svolten slepp me gå på countryfestivalen, for her kunne me få alt frå bakt potet, smårettar, nysteikt pizza til deilig middag i flotte Buffalo Steakhouse & Pizza og jammen så stod ikkje grillsjefen.no ved dagparkeringa og selde kjempegod hamburgarar.

Artistane kan ikkje lovprisa Countryfestivalen nok, dei vert vel tekne hand om og varta opp av ein særdeles triveleg gjeng. Artistane har ein veldig kjekk plass bak hovedscena der dei kan opphalda seg, uteplass har dei og, her vert alle kontrollerte av smilande og blide vakter.

Elles hadde festivalen eit veldig godt vakthald, og lydfolka fortjener skryt. Det er veldigt kjekt å vera på eit arrangemet der unge og godt vaksne kosar seg i skjønn forening, og eg står framleis på mitt : Me har mange fantastisk flotte ungdomar som veks opp i ! Det er som regel det negative som kjem fram, men eg skryt  – med lett hjarta  J

Har og lyst å gje arrangøren honnør for fokuset dei har på miljø. 350 personar er i sving på dette arrangementet og 60 av desse jobba med å kjøra ut søppel og driva med kildesortering. I tillegg har festivale investert 200.000 i elektriske syklar som etter kvart skal erstatta alle scooterane. Totalt var 25.000 innom festivalen, noko festivalledelsen med dagleg leiar Egil H Moen i spissen seier seg vel nøgd med. Vel blåst seier eg,  I’ll be back J

Countryfestivalen sine samarbeidspartnarar 2015 var fjordline.com, Potetbaker’n, Mercedes-Benz og Pepsi Max.

 

150723 Countryfestivalen AKE (1)
150723 Countryfestivalen AKE (2)
150723 Countryfestivalen AKE (3)
150723 Countryfestivalen AKE (4)
150723 Countryfestivalen AKE (5)
150723 Countryfestivalen AKE (6)
150723 Countryfestivalen AKE (7)
150723 Countryfestivalen AKE (8)
150723 Countryfestivalen AKE (9)
150723 Countryfestivalen AKE (10)
150723 Countryfestivalen AKE (11)
150723 Countryfestivalen AKE (12)
150723 Countryfestivalen AKE (13)
150723 Countryfestivalen AKE (14)
150723 Countryfestivalen AKE (15)
150723 Countryfestivalen AKE (16)
150723 Countryfestivalen AKE (17)
150723 Countryfestivalen AKE (18)
150723 Countryfestivalen AKE (19)
150723 Countryfestivalen AKE (20)
150723 Countryfestivalen AKE (21)
150723 Countryfestivalen AKE (22)
150723 Countryfestivalen AKE (23)
150723 Countryfestivalen AKE (24)
150723 Countryfestivalen AKE (25)
150723 Countryfestivalen AKE (26)
150723 Countryfestivalen AKE (27)
150723 Countryfestivalen AKE (28)
150723 Countryfestivalen AKE (29)
150723 Countryfestivalen AKE (30)
150723 Countryfestivalen AKE (31)
150723 Countryfestivalen AKE (32)
150723 Countryfestivalen AKE (33)
150723 Countryfestivalen AKE (34)
150723 Countryfestivalen AKE (35)
150723 Countryfestivalen AKE (36)
150723 Countryfestivalen AKE (37)
150723 Countryfestivalen AKE (38)
150723 Countryfestivalen AKE (39)
150723 Countryfestivalen AKE (40)
150723 Countryfestivalen AKE (41)
150723 Countryfestivalen AKE (42)
150723 Countryfestivalen AKE (43)
150723 Countryfestivalen AKE (44)
150723 Countryfestivalen AKE (45)
150723 Countryfestivalen AKE (46)
150723 Countryfestivalen AKE (47)
150723 Countryfestivalen AKE (48)
150723 Countryfestivalen AKE (49)
150723 Countryfestivalen AKE (50)
150723 Countryfestivalen AKE (51)
150723 Countryfestivalen AKE (52)
150723 Countryfestivalen AKE (53)
150723 Countryfestivalen AKE (54)
150723 Countryfestivalen AKE (55)
150723 Countryfestivalen AKE (56)
150723 Countryfestivalen AKE (57)
150723 Countryfestivalen AKE (58)
150723 Countryfestivalen AKE (59)
150723 Countryfestivalen AKE (60)
150723 Countryfestivalen AKE (61)
150723 Countryfestivalen AKE (62)
150723 Countryfestivalen AKE (63)
150723 Countryfestivalen AKE (64)
150723 Countryfestivalen AKE (65)
150723 Countryfestivalen AKE (66)
150723 Countryfestivalen AKE (67)
150723 Countryfestivalen AKE (68)
150723 Countryfestivalen AKE (69)
150723 Countryfestivalen AKE (70)
150723 Countryfestivalen AKE (71)
150723 Countryfestivalen AKE (72)
150723 Countryfestivalen AKE (73)
150723 Countryfestivalen AKE (74)
150723 Countryfestivalen AKE (75)
150723 Countryfestivalen AKE (76)
150723 Countryfestivalen AKE (77)
150723 Countryfestivalen AKE (78)
150723 Countryfestivalen AKE (79)
150723 Countryfestivalen AKE (80)
150723 Countryfestivalen AKE (81)
150723 Countryfestivalen AKE (82)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også