DDCountry.no


151004 Vassendgutane AKE (27)

Ein kveld med Vassendgutane er glede og rein terapi

På forsiden akkurat nå

Dette var ei tilbakemelding ei dame gav ein litt rørt Sindre Aam etter konserten på Ricks i Bergen, ei uttaling er stiller meg 100% bak. At Vassendgutane har ei høg stjerne hos meg forstod til og med barnebarnet mitt tidleg, for og han var ikkje mange åra før han sette på musikk deira og sa med eit smil : ”Detta e’ din musikk, farmor! ”

Denne kvelden var Vassendgutane tilbake i Bergen og Ricks og for ein kveld det vart, dei gav alt på scena som vanleg, med det resultat at det formelig kokte i salen til tider. Som vanlig fekk dei kjapt god kontakt med publikum, unge som eldre, og det som imponerer meg lika mykje kvar gong er at dei rolege låtane får lika stor respons som dei med trøkk i. På både ”Tyste Bestefar” og ”Ho var so fine”, som er av mine favorittlåtar frå hhv. ”Skru Opp” og ”Hesteslepp”, så sang publikum med av full hals, og når gamle og gode ”Siste Dans” frå albumet ”Ungkar med dobbeltseng” (2005) vart framført så toppa det seg heilt, fantastisk! Kor ofte høyrer me ikkje denne låta når me reiser rundtom på dansegalla, men eg trur ikkje alle tenkjer over at det er Sindre Aam som har laga denne norske teksten til låta som alle elskar. Sindre er ein av to vokalister i Vassendgutane, Arthur Johan Bjørdal er den andre. Det er og desse to som lagar det meste av musikken til bandet.

Elles synes eg at repetoaret var veldig bra samansatt, ei fin blanding av låtar frå nyaste ”Skru Opp” og eldre populære låtar. Det var kun ein ” 8 minutts pause” for å sitera Vassendgutane, elles så gjekk det i eitt. Då dei spela ”Hytta Mi” så var det kun trommis Kim Erik Lillestøl og steelgitarist Alf Rune Melby av bandmedlemane som ikkje krabba på scena, for hopping og krabbing er jo det dei syng om. Publikum var henrykt og eg trur det var nett før mange mobilar gjekk seg varme, så mange var det som filma og tok bilder. Også etter denne konserten tok gjengen seg tid til å koma fram på scenekanten og slå av ein prat med publikum, noko mange set stor pris på.

På Ricks kan du velja om du vil stå heilt framme, som sild i tønne og verklege oppleva suggesjonen eller stå lenger bak i litt rolegare omgivelser eller sitja på galleriet. Sjølv om det var trangt heilt framme, så fann publikum plass til både dansa swing og slow. Timane gjekk berre så altfor fort og det var snart på tide å setja meg bak rattet og ta fatt på mine 10 mil heim, med go’ musikken på full guffe sjølvsagt. God medisin på å klara halda meg våken og skjerpa for deler av veien heim er ikkje nett noko autostrade.

Etter denne forrykande kvelden på Ricks reiste Vassendgutane vidare til Siderfestivalen i Øystese og ein utsolgt konsert laurdagen, og så bar det vidare til Strynemessa der dei heldt FAMILIEKONSERT i ein fullsatt hall søndags ettermiddag og der vart stemninga så god at det var nett før taket løfta seg, ifølge media. Så dersom du fortsatt trur at det berre er ”fulle” ungdomar med eit ølglas i handa som likar Vassendgutane og musikken deira, ja då tar du nok feil. Ei godt vaksen dame fortalte meg denne kvelden at ho hadde vore på mange konserter i sitt liv, men ho kunne knapt hugsa å ha sett slikt eit smilande og happy publikum. Kanskje ikkje for ingenting gutane beteiknar musikken sin som FESTCOUNTRY, for fest vert det.

Einaste skåret i gleda etter denne kvelden – for min del – var at eg visste at eg ikkje får høve til å oppleve gjengen 30. oktober når dei endeleg kjem tilbake til heimkommunen min, men eg skal no tilbake på Ricks 24. okt. på Rune Rudberg Band, ikkje feil det heller! Musikk er GLEDE!

151004 Vassendgutane AKE (1)
151004 Vassendgutane AKE (2)
151004 Vassendgutane AKE (3)
151004 Vassendgutane AKE (4)
151004 Vassendgutane AKE (5)
151004 Vassendgutane AKE (6)
151004 Vassendgutane AKE (7)
151004 Vassendgutane AKE (8)
151004 Vassendgutane AKE (9)
151004 Vassendgutane AKE (10)
151004 Vassendgutane AKE (11)
151004 Vassendgutane AKE (12)
151004 Vassendgutane AKE (13)
151004 Vassendgutane AKE (14)
151004 Vassendgutane AKE (15)
151004 Vassendgutane AKE (16)
151004 Vassendgutane AKE (17)
151004 Vassendgutane AKE (18)
151004 Vassendgutane AKE (19)
151004 Vassendgutane AKE (20)
151004 Vassendgutane AKE (21)
151004 Vassendgutane AKE (22)
151004 Vassendgutane AKE (23)
151004 Vassendgutane AKE (24)
151004 Vassendgutane AKE (25)
151004 Vassendgutane AKE (26)
151004 Vassendgutane AKE (27)
151004 Vassendgutane AKE (28)
151004 Vassendgutane AKE (29)
151004 Vassendgutane AKE (30)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også