DDCountry.no


150305 Tronderfestivalen AKE (3)

Ein uforgløymeleg siste kveld på Trønderfestivalen

På forsiden akkurat nå

Skal eg vera ærlig trudde eg faktisk ikkje at denne kvelden skulle klara toppa mandagskvelden, men det skjedde likevel. Det var fantastisk stemning blant publikum og artistane var i storslag på Lasse Johansen’s Dansebar!

Dag Ingebrigtsen var først ut på scena, og han tok stemningen til himmels med ein gong og det klokka 19 på ein onsdagskveld!  Dag formelig strålte på scena også denne kvelden, det er tydeleg at han elskar dette og det gjev oss som publikum mykje. Han kunne fortelja at han og «Diesel» Dahl starta sitt første band som 14-åringar, for 44 år sidan, men vil tru dei er mest kjent for tida i TNT.  At desse 2 var samspelte var det ingen tvil om, og igjen let eg meg fasinera av «Diesel» sine trommeferdigheter, og kunstane hans med trommestikkene kan nokon og ei kvar drilljente misunna han. Børge, Becca og Magne var og med på scena.

Så kom Casino Steel på og igjen var Børge og Becca med, her fekk me alt frå punkrock til den vakre og velkjente låta «Ruby» frå tida hans med Gary Holton. Noko som verkeleg imponerte meg desse to kveldane var alle dei godt vaksne (for å sei det mildt) som storkosa seg. Trur eg seier det slik at elskar du trønderrock, så gjer du det ubetinga – uansett alder.

Så var tida komen for at Becca igjen skulle gleda oss med nokre av sine låtar før hennar kjære Børge gav oss fleire av Too Far Gone sine tøffe  låtar, og då «Zetor’n» kom, sang publikum villig med. No hadde «Diesel» gjeve frå seg trommestikkene og husbandet var komplett. Dette viste seg å vera Terje Tysland sitt band beståande av Raymond Næss, Johnny Frisvoll, Terje Grande og ikkje minst Daniel Viken – ein særdeles dyktig sologitarist, eplet fell ikkje så langt frå stamma – Viken er nemlig også med i DDE.

Så var turen komen til Petter og Magne frå Sie Gubba, og me fekk høyra mange kjente låtar som «Alt Du Vil Ha», «Så Kom Du» og «Sånn E’ Livet». Når dei spela «Fjellrypa» som Magne har laga både tekst og melodi til, så såg eg at det var fleire enn meg som vart rørte – den låta er berre vakker.

Då var det Bjarne Brøndbo frå DDE sin tur og folk strøymde fram, så mykje at man kunne snakka om sild i tønne, eg trudde taket hadde letta seg – for ein stemning. Då «Rompa Mi» kom, kasta han jammen t-skjorta  til publikums store glede. Ein herlig artist som virka vera noko meir i slag denne kvelden. Stemninga var til å ta og føla på.

I påfølgande pause fekk eg sjå at Dag Ingebrigtsen ikkje berre er ein dyktig artist, men og eit flott medmenneske. Her var det nok ein gut som fekk seg ein stor opplevelse. Dag kom ikkje berre ned for at dei skulle få ta bilde –  neida – han tok seg verkeleg tid til å snakka med guten!

Terje Tysland fekk avslutta, med flotte Becca ved sin side. Det tok ikkje lang tid før han hadde publikum i sin hule hånd og det vart ein topp avslutning. Då klokka nærma seg 24, kom alle artistane på scena saman med «Diesel» Dahl og Terje Utaker som står som arragørar, og mottok publikum sin  hyllest. Etterpå sikra mange seg Terje Tysland sin nye CD «Bare Kjærlighet». Veldig bra lydbilde var det denne kvelden, og DJ Charlie roa det heile ned i pausane og spela flott musikk.

Eg kan sei det sllik: Er du det minste glad i Trønderrock, så ikkje nøl! Ta turen til neste år, mange av desse flotte artistane kjem etter det eg har forsått – tilbake til Gran Canaria. Etter ei veke med nydeleg vêr, to kveldar med musikalske opplevelsar på øverste hylle så kjem i hvert fall ikkje eg til å gløyma denne turen så lett.

150305 Tronderfestivalen AKE (1)
150305 Tronderfestivalen AKE (2)
150305 Tronderfestivalen AKE (3)
150305 Tronderfestivalen AKE (4)
150305 Tronderfestivalen AKE (5)
150305 Tronderfestivalen AKE (6)
150305 Tronderfestivalen AKE (7)
150305 Tronderfestivalen AKE (8)
150305 Tronderfestivalen AKE (9)
150305 Tronderfestivalen AKE (10)
150305 Tronderfestivalen AKE (11)
150305 Tronderfestivalen AKE (12)
150305 Tronderfestivalen AKE (13)
150305 Tronderfestivalen AKE (14)
150305 Tronderfestivalen AKE (15)
150305 Tronderfestivalen AKE (16)
150305 Tronderfestivalen AKE (17)
150305 Tronderfestivalen AKE (18)
150305 Tronderfestivalen AKE (19)
150305 Tronderfestivalen AKE (20)
150305 Tronderfestivalen AKE (21)
150305 Tronderfestivalen AKE (22)
150305 Tronderfestivalen AKE (23)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også