
Reisebrev frå Gran Canaria
På forsiden akkurat nå

Full klaff for Hilljacks på Slitudansen

Stetsons på Havnelageret

Helt Texas på Beitostølen
”Trønderfestival på Gran Canaria 2015” – DET hadde eg bestemt meg for at eg skulle på, kosta kva det kosta ville! Med Bjarne Brøndbo frå D.D.E., Magne og Petter frå Sie Gubba, Børge Rømma frå Too Far Gone – alle frå band eg har digga i mange år + Terje Tysland, Casino Steel, Dag Ingebrigtsen, Morten”Diesel” Dahl (frå bandet TNT, som eg var på konsert med mange år tilbake) og Becca som eg fekk stifta bekjentskap med under Hinnøyfestivalen i fjor – så lova dette utruleg bra.
Trønderfestivalen skal føregå på Lasse Johansen Dansebar i Puerto Rico mandag og onsdag. Det er Morten «Diesel» Dahl som i samarbeid med Terje Utaker som står bak dette arrangementet. Sistnevnnte er kjent for å arrangera Gammaldansfestival og Dansegalla på GC.
Etter at eg og ei venninne kom til øya på laurdagen og innlosjerte oss på hotellet i Amadores, så spaserte me inn til Puerto Rico, åt ein nydeleg middag på Torito Negro og tutla litt rundtom. Me traff bl.a. på PK, han var og underheldt på La Fiesta. Mange danseglade par var på plass der og svinga seg.
Søndag var det Te-dans, og sjølv om Lasse Johansen var reist heim til Norge – så ivaretok Roko denne populære og ikkje minst trivelege tradisjonen til Lasse Johansen Dansebar på ein framifrå måte. I eit aldeles nydeleg vêr så kosa publikum seg, både unge og gamle svinga seg flittig og mange nytte deilig mat på La Bolera Restaurante. Gjesteartistar var det og på scena, trur han eine heiter Lars Arild Fjeldberg – kjempeflott stemma på den karen. Skaun Storband som skal spela på Lasse Johansens Dansebar på torsdag, gledde oss med nokre låtar som det verkeleg svinga av.
Det var ikkje så mange av artistane som skal opptre på festivalen som var på plass søndagen, grunna at dei hadde hatt spelejobbar på laurdagen, men Dag Ingebrigtsen med Morten”Diesel” Dahl på trommer gav oss nokre velkjente låtar før Casino Steel meldte sin ankomst med den gode nyheten om at Petter Northug Jr. hadde teke VM Gull under 5 mila – gjett om her vart jubel! Sjølvsagt sang Casino litt for oss og Rosenborgsangen utevart ikkje, topp stemning!
Eg gleder meg utruleg mykje til mandag- og onsdagskvelden, dette må berre verta konge med så mange gode artistar. Satsar på at alle kjem seg vel fram, for eg har god tru på at det skal meir enn ei pilotstreik i Norwegian til for å stoppa nokre trønderartistar!
Anne-Karin Eikeland
Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.
Les også

Countryfestivalen i Seljord i regn og sol

Ein uforgløymeleg siste kveld på Trønderfestivalen
