DDCountry.no


150303 Tronderfest AKE (2)

Trønderane rocka Gran Canaria

På forsiden akkurat nå

For å byrja med slutten: Eg kom heimatt frå den første kvelden på Trønderfestivalen, høgt oppe – rusa på god musikk – hes etter all synginga og strålande fornøgd!

Her gjekk det i eitt frå kl 19 til 24 på Lasse Johansens Dansebar med topp artistar på scena og DJ Charlie som sørga for å roa det litt ned i dei små pausane med roleg, nydeleg musikk.

Magne og Petter var først ut, dei promoterte CDen sin «Live 20 år» og det vart ein perfekt start for meg som diggar Sie Gubba. Deretter gjekk det slag i slag med Terje Tysland, Bjarne Brøndbo, Becca og Børge og for ikkje å snakka om Casino Steel som stod på i nitti, på tross av eit brote ribbein. No var «Diesel» Dahl kome bak trommene og han fortsatte sjølvsagt der når hans gode venn – ein strålande opplagt Dag Ingebrigtsen kom på scena. No klarte ikkje Magne frå Sie Gubba lenger halda seg  backstage så han kom ut att – spelte og sang – og kosa seg tydelegvis maks. På slutten kom dei fleste artistane på scena for ein flott og drivande avsluttning. Dette var konge – for å sei da enkelt. Ein stor honnør til eit dyktig husband som stod på gjennom heile kvelden!  No er da berre å gleda seg til onsdagen.

150303 Tronderfest AKE (1)
150303 Tronderfest AKE (2)
150303 Tronderfest AKE (3)
150303 Tronderfest AKE (4)
150303 Tronderfest AKE (5)
150303 Tronderfest AKE (6)
150303 Tronderfest AKE (7)
150303 Tronderfest AKE (8)
150303 Tronderfest AKE (9)
150303 Tronderfest AKE (10)
150303 Tronderfest AKE (11)
150303 Tronderfest AKE (12)
150303 Tronderfest AKE (13)
150303 Tronderfest AKE (14)
150303 Tronderfest AKE (15)
150303 Tronderfest AKE (16)
150303 Tronderfest AKE (17)
150303 Tronderfest AKE (18)
150303 Tronderfest AKE (19)
150303 Tronderfest AKE (20)
150303 Tronderfest AKE (21)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også