DDCountry.no


160910-bellamy-brothers-ake-topp

Bellamy Brothers og Bris på Voss

På forsiden akkurat nå

Dette hadde eg gleda meg til! Eg gløymer aldri konserten med Bellamy Brothers på Forum Scene i Bergen i 2010, der eg saman med gode vener hadde plass på fremste rad. Seinare så har eg høyrt dei på nokre store festivaler, men det å oppleva dei i små settinger synes eg er spesielt.

Me var fleire som reiste til Voss alt fredagen sidan været var så nydelig, og me kosa oss på vakre Voss Camping. Godt me reiste tidleg oppover, for det gjekk ikkje lenge før den store campingplassen vart full, og her er det førstemann til mølla prinsippet som gjeld.

Det var SES-Gruppen (Scandinavian Entertainment Service) som hadde slått på stortromma og laga dette arrangement, all honnør til dei. Kvelden før arrangerte dei faktisk eit liknande arrangement på Radøy.

Over 500 hadde funne veien til hallen denne kvelden. Nokon dansa, andre sat ved borda eller på tribuna og nytte musikken og nokon stod faktisk framfor scena heile kvelden – til stor overraskelse for seg sjølv. Her kom kjente og kjære låtar som perler på ei snor og publikum sang med. Dei er ikkje dei som gjer mest av seg på scena, brødrene Howard og David, men likavel klarer dei fanga publikums oppmerksomhet. Imponerande at dei klarer reiser land og strand rundt på denne måten i ein alder av 70 og 66 år. At dei etter konserten helsa på mange av dei som stod rett framfor scena, viste at dei hadde kosa seg.

For meg vart kvelden eit minne for livet for eg fekk trommis Rocky Marvel si knekte trommestikke med koselig helsing på , som ”takk” for at eg var den einaste som hadde sett at han knekte den (ifølge han sjølv).

Etter at Bellamy Brothers var ferdige spelte BRIS til dans resten av kvelden og publikum svinga seg flittig på dansegolvet. Dette vart ein herlig kveld, nett som forventa!

160910-bellamy-brothers-ake-1
160910-bellamy-brothers-ake-2
160910-bellamy-brothers-ake-3
160910-bellamy-brothers-ake-4
160910-bellamy-brothers-ake-5
160910-bellamy-brothers-ake-6
160910-bellamy-brothers-ake-7
160910-bellamy-brothers-ake-8
160910-bellamy-brothers-ake-9
160910-bellamy-brothers-ake-10
160910-bellamy-brothers-ake-11
160910-bellamy-brothers-ake-12
160910-bellamy-brothers-ake-13
160910-bellamy-brothers-ake-14
160910-bellamy-brothers-ake-15
160910-bellamy-brothers-ake-16
160910-bellamy-brothers-ake-17
160910-bellamy-brothers-ake-18
160910-bellamy-brothers-ake-19
160910-bellamy-brothers-ake-20
160910-bellamy-brothers-ake-21
160910-bellamy-brothers-ake-22
160910-bellamy-brothers-ake-23
160910-bellamy-brothers-ake-24
160910-bellamy-brothers-ake-25
160910-bellamy-brothers-ake-26
160910-bellamy-brothers-ake-27
160910-bellamy-brothers-ake-28
160910-bellamy-brothers-ake-29
160910-bellamy-brothers-ake-30
160910-bellamy-brothers-ake-31
160910-bellamy-brothers-ake-32
160910-bellamy-brothers-ake-33
160910-bellamy-brothers-ake-34
160910-bellamy-brothers-ake-35
160910-bellamy-brothers-ake-36
160910-bellamy-brothers-ake-37
160910-bellamy-brothers-ake-38
160910-bellamy-brothers-ake-39

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også