DDCountry.no


160730 Seljord country AKE TOPP

Countryfestivalen i Seljord i regn og sol

På forsiden akkurat nå

Då var den 18. Countryfestivalen i Seljord historie og 25.000 fann veien innom portane og 3000 bueinheiter var på området. Planen var at Brad Paisley skulle vera det store trekkplasteret her i år og skuffelsen var nok stor både for arrangør og publikum då han ikkje kom til Norge slik som var planlagt, MEN me kan gleda oss til 2017 for då er han på plass!

Grunna andre arrangement på Dyrskuplass, så starta diverre ikkje innsjekkinga før onsdag morgo. Då den fyrst kom i gang så gjekk det raskt, men trur at det virka inn på kor mange som fann veien til Cafescena denne kvelden.

DJ Red Planet som og var konferansier på Cafèscena, drog det heile i gang før første band ut Roadside Cafê kom å scena. Desse starta eigentleg som eit tributeband til Cato Sanden i anledning eit jubileum, men har heldigvis fortsett og dei gleda oss med mykje fin sang og musikk. Etter dei fylgde Stacie Collins frå US. Ho var så rocka og energisk på scena at fokuset mitt forsvann diverre litt frå musikken. Nestemann ut, australske Wayne Law hadde eg verkeleg gleda meg til å høyra att, utruleg herlig musikk og han har knallgode musikarar med seg. Dei spelte torsdagen og, og eg var sjølvsagt på plass då og. Lett å kjenna att denne karen, med svart lapp over eina auga. Kjem han att, noko eg vonar, så synes eg han fortjener spela litt seinare på kvelden slik at mange fleir får oppleva musikken hans.

Nye band torsdagen var Get Rhytm, eit tributeband til Johnny Cash, flinke gutar. Så kom Hilljacks som var med i SjøormCountry konkurransen i fjor og som tok alle med storm. Dei har ikkje nett lagt på latsida sidan sist, man har vore ute på mange speleoppdrag. Så kom kveldens høydaren : Åsmund Åmli Band, for ein gjeng og for eit publiikum som no var på plass litt før kl 21. Eg var glad dansegolvet stod på trygg grunn, for du verden for ei stemning det vart og dei hadde topp. Slike øyeblikk lever eg på lenge, ein dyktig gjeng med beina godt planta på jorda. Dei viser viktigheta av tidleg og god kommunikasjon med publikum, noko eg ofte savnar hos mange av dei store utenlandske artistane. Morten Vestly Band fekk æra av å avslutta denne kvelden, veldig bra.

Fredagen var 4 artistar/band ut på SjøormCountry konkurransen, og eg var no strålande fornøgd for min favoritt Roard Worn gjekk av med seieren. Flinke Honky Tonk Linedancers hadde så ein fin oppvisning for oss før eit nytt navn Bo Outlaw & Løten Twang Depot kom på scena med kjempefin musikk. Så fylgde Silver Wings frå Sverige, bra musikk, men ein veldig alvorlig vokalist. Countryrock bandet Spinning Wheels fra Notodden som vant SjøormCountryen i 2012 steppa inn for ein artist som hadde meldt forfall, og dei svinga verkeleg. Eit hyggeleg musikalsk bekjentskap. Så kom ein eg hadde gleda meg til å høyra nemleg svenske ungguten Jamie Meyer, ein utruleg sympastisk og triveleg kar med dyktige musikarar rundt seg. Då han framførte ”Holy Ground To Me”, ja då spratt tårene fram hos meg sjølv om eg hadde høyrt låta mange gonger før. Du verden for ein innlevelse den vart sunge med, ikkje rart han denne karen er populær. Tydeleg at dei kosa seg på festivalen for dei var å sjå på området lenge etter at dei var ferdige og spela.

No vart hovedscena opna og Road Worn, vinnarane av SjøormCountryen var første band ut. Fekk diverre ikkje høyrad dei her, men vonar dei kjem tilbake eit anna år. Sunny Sweeney frå US var neste ut og no regna det godt så det heilt store frammøte var det ikkje. Eg var difor glad for at denne dyktige dama hadde ein opptreden på Cafescena neste kveld og då med mykje meir publikum.

STAUT gjekk på kl 22 og no trossa publikum regnet og kom i hopetal og konferansier Morten Vestly konkluderte med at Seljord hadde verdens beste publikum, verkeleg imponerande. STAUT skuffa ikkje dei frammøtte, dei leverte. Heilt av tok det imidlertid ikkje før Gunslingers kom på scena, og no var det så godt som opplett. Publikum sang av full hals og det var kjempestemning og ein flott avsluttning på kvelden.

Så var laurdagen der og med den finavæêret, og alt var klart for det tradisjonsrike Right On Treffet med utstilling og framvising og det var mange flotte bilar å sjå. Av aktivitter elles kan eg nevna counrycruise på Telemarkskanalen der Geir Halleland underheldt, på Mercedes-Benz Norge Trucks campen var det kåring av årets trailer og rundt 100 var med i konkurransen. Også her underheldt Halleland. Det var og mulighet for å testa kunnskapane på CountryQuiz på cafescena, linedance kurs og ølsmaking/-brygging. Kåring av året flottaste camping var det og.

Laurdagen rundt kl 19 vart eg invitert til ”Gateopning” nede på rød. Historien bak dette er at dei som hadde budd på denne plassen under festivalen i 6 år, hadde fått eit utruleg godt forhold til eigarane av gården ved sida av. Dei får tom. nytta eit toalett som høyrer gården til, så det er inngjerda slik at det høyrer til festivalområdet. Det heile starta med tvillingparet Magnhild og Elisabeth, men i år var dei 24 stykk! Her var blomar og snorklipping og gata sitt navn var tufta på eigarane sitt etternavn og fekk navnet ”Bjålandsgata”. Her stortrives dansegjengen med sang og gitarspel, samstundes som dei held seg innanfor reglane og har det ryddig og fint rundt seg. Artig påfunn!

Nye band på laurdagen var svenske The HubCaps, eit herlig rockabilly band og seinare kom ein av mine store favoritter: Terje Sending med band. 3 brødre spelar i dette bandet pluss ein dyktig trommis forutan karen som syng så utruleg vakkert. Eg vert aldri lei av musikken til Terje Sending, den gjev meg utruleg mykje.

Stephanie Urbina Jones frå US starta på hovedscena og avslutta kvelden på cafescena. Landsmannen hennar Doug Seeger, mannen som vart oppdaga på gata grunna den flotta stemma si, var på plass i Seljord i år og, til glede for mange.

Då Vassendgutane entra hovedscena fekk eg lov koma opp i Merzedes-Benz sin truck og ta bilder og for eit folkehav eg der fekk sjå. Så stod eg ei stund framom scena, men eg måtte berre blanda meg med publikum for å oppleva suggesjonen. Sjølv om det var veldig trangt så klarte eg koma meg ganske langt fram takka vera nokre kjekke ungdomar, og det vart eit fyrverkeri av ein konsert og ein fantastisk stemning. Heile konserten kjem nok på dvd så det er berre å gleda seg.

Dei som fekk æra av å avslutta på hovedscena var SIE GUBBA, og sidan eg diggar denne gjengen så var det berre å flyta vidare på stemninga etter Vassendgutane og allsangen ljoma heer og. Ein fantastisk kveld vart det g eg vakna tidleg søndags morgo, lika høgt oppe som eg la meg – rusa på god musikk. Fantastisk, tenk å ha det slik! Eg hadde fått med meg enno ein countryfestival som ville føya seg inn i rekka av minnerike opplevelser.

Eg klarer ikkje setja eit endeleg punktum for denne omtalen utan at eg rosar festivalledelsen for at dei har eit stort fokus på miljø. I fjor veit eg det var 350 peronar i sving på dette arr. og 60 av desse jobba med å kjøra ut søppel og driva kildesortering, og færre var det nok ikkje i år. Eg var mektig imponert då det regna som verst og ryddearbeidet inne på området pågjekk som vanleg, for at me skulle ha det ryddig rundt oss. Nok ein flott gjennomført Countryfestival i Seljord!

160730 Seljord country AKE (1)
160730 Seljord country AKE (2)
160730 Seljord country AKE (3)
160730 Seljord country AKE (4)
160730 Seljord country AKE (5)
160730 Seljord country AKE (6)
160730 Seljord country AKE (7)
160730 Seljord country AKE (8)
160730 Seljord country AKE (9)
160730 Seljord country AKE (10)
160730 Seljord country AKE (11)
160730 Seljord country AKE (12)
160730 Seljord country AKE (13)
160730 Seljord country AKE (14)
160730 Seljord country AKE (15)
160730 Seljord country AKE (16)
160730 Seljord country AKE (17)
160730 Seljord country AKE (18)
160730 Seljord country AKE (19)
160730 Seljord country AKE (20)
160730 Seljord country AKE (21)
160730 Seljord country AKE (22)
160730 Seljord country AKE (23)
160730 Seljord country AKE (24)
160730 Seljord country AKE (25)
160730 Seljord country AKE (26)
160730 Seljord country AKE (27)
160730 Seljord country AKE (28)
160730 Seljord country AKE (29)
160730 Seljord country AKE (30)
160730 Seljord country AKE (31)
160730 Seljord country AKE (32)
160730 Seljord country AKE (33)
160730 Seljord country AKE (34)
160730 Seljord country AKE (35)
160730 Seljord country AKE (36)
160730 Seljord country AKE (37)
160730 Seljord country AKE (38)
160730 Seljord country AKE (39)
160730 Seljord country AKE (40)
160730 Seljord country AKE (41)
160730 Seljord country AKE (42)
160730 Seljord country AKE (43)
160730 Seljord country AKE (44)
160730 Seljord country AKE (45)
160730 Seljord country AKE (46)
160730 Seljord country AKE (47)
160730 Seljord country AKE (48)
160730 Seljord country AKE (49)
160730 Seljord country AKE (50)
160730 Seljord country AKE (51)
160730 Seljord country AKE (52)
160730 Seljord country AKE (53)
160730 Seljord country AKE (54)
160730 Seljord country AKE (55)
160730 Seljord country AKE (56)
160730 Seljord country AKE (57)
160730 Seljord country AKE (58)
160730 Seljord country AKE (59)
160730 Seljord country AKE (60)
160730 Seljord country AKE (61)
160730 Seljord country AKE (62)
160730 Seljord country AKE (63)
160730 Seljord country AKE (64)
160730 Seljord country AKE (65)
160730 Seljord country AKE (66)
160730 Seljord country AKE (67)
160730 Seljord country AKE (68)
160730 Seljord country AKE (69)
160730 Seljord country AKE (70)
160730 Seljord country AKE (71)
160730 Seljord country AKE (72)
160730 Seljord country AKE (73)
160730 Seljord country AKE (74)
160730 Seljord country AKE (75)
160730 Seljord country AKE (76)
160730 Seljord country AKE (77)
160730 Seljord country AKE (78)
160730 Seljord country AKE (79)
160730 Seljord country AKE (80)
160730 Seljord country AKE (81)
160730 Seljord country AKE (82)
160730 Seljord country AKE (83)
160730 Seljord country AKE (84)
160730 Seljord country AKE (85)
160730 Seljord country AKE (86)
160730 Seljord country AKE (87)
160730 Seljord country AKE (88)
160730 Seljord country AKE (89)
160730 Seljord country AKE (90)
160730 Seljord country AKE (91)
160730 Seljord country AKE (92)
160730 Seljord country AKE (93)
160730 Seljord country AKE (94)
160730 Seljord country AKE (95)
160730 Seljord country AKE (96)
160730 Seljord country AKE (97)
160730 Seljord country AKE (98)
160730 Seljord country AKE (99)
160730 Seljord country AKE (100)
160730 Seljord country AKE (101)
160730 Seljord country AKE (102)
160730 Seljord country AKE (103)
160730 Seljord country AKE (104)
160730 Seljord country AKE (105)
160730 Seljord country AKE (106)
160730 Seljord country AKE (107)
160730 Seljord country AKE (108)
160730 Seljord country AKE (109)
160730 Seljord country AKE (110)
160730 Seljord country AKE (111)
160730 Seljord country AKE (112)
160730 Seljord country AKE (113)
160730 Seljord country AKE (114)
160730 Seljord country AKE (115)
160730 Seljord country AKE (116)
160730 Seljord country AKE (117)
160730 Seljord country AKE (118)
160730 Seljord country AKE (119)
160730 Seljord country AKE (120)
160730 Seljord country AKE (121)
160730 Seljord country AKE (122)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også