DDCountry.no


Rotlaus AKE (12) TOPP

ROTLAUS på Old River Saloon

På forsiden akkurat nå

Heilt sidan folkrock bandet Rotlaus frå Ørsta kom ut med sin første cd ”Bygderamp” påsken i år, så har eg hatt lyst til å oppleva dei live. Bjørn-Marius Øyehaug som har ført på papiret alle låtane, hadde verkeleg klart trigga interessa mi for bandet. Eg er av dei som høyrer mykje på teksten i ein låt og dette likte eg.

Under Etnemarknaden lukkast det endeleg å få oppleva dei på scena for første gang. Koselege Old River Saloon i Etne trår ofte til med topp band og denne helga var intet unntak.

Det var først då singelen “Kvilelaus” kom i desember 2015 at det tok av. Etter 3 veker var låta vorte spelt av over 100.000 ganger på digitale plattformer, lagt på 4. plass på norske spelelister og bandet spelte for fulle hus berre veker etter singelen var komen ut.

Eg hadde sett nokre videoar av Rotlaus sine liveopptredenar og tenkte at det er no langt frå Sunnmøre til Etne, så same allsangfaktoren og stemninga kunne eg nok ikkje venta, men der tok eg skammeleg feil! Publikum sang av full hals, hoppa og dansa, tydeleg at desse dyktige musikarane har klart verta godt kjent på kort tid. Det skein lett gjennom at Rotlaus elskar det dei heldt på med for dei showa til tusen – ja ingen kunne merka at dei hadde 8 timar i buss bak seg etter forrige spelejobb.
(Saken fortsetter under videoen)

Bandet består av: Bjørn-Marius Øyehaug – Vokal og gitar, Levi André Leite – Bass og vokal, Simen Rebbestad – Gitar, fele, dragspel og vokal, Simen Bjørdal – Trommer og Vegard Hansen – Trekkspel. I eit radiointervju høyrde eg vokalisten Bjørn-Marius sei at han hadde lært mykje av Vassendgutane der han var trommis i mange år, og det er heilt rett for du verden kor flink han var til å få publikum med seg.

Denne gjengen likte eg, dei lovar oss fengjande rytmer, stemning og allsang og dei leverte! At dei skåla med publikum i alkoholfri drikke gjorde at dei får ein stor pluss i margen frå meg. Det er ikkje fordi at eg er fanatisk, men rett og slett for at eit slikt framadstormande band lett vert eit forbilde for ungdomen. Musikken som seiv ned frå scena var rus god nok for meg, dette var ein topp kveld.

Rotlaus AKE (1)
Rotlaus AKE (2)
Rotlaus AKE (3)
Rotlaus AKE (4)
Rotlaus AKE (5)
Rotlaus AKE (6)
Rotlaus AKE (7)
Rotlaus AKE (8)
Rotlaus AKE (9)
Rotlaus AKE (10)
Rotlaus AKE (11)
Rotlaus AKE (12)
Rotlaus AKE (13)
Rotlaus AKE (14)
Rotlaus AKE (15)
Rotlaus AKE (16)
Rotlaus AKE (17)
Rotlaus AKE (18)

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.